Bokomslag for Den andre søstera

Den andre søstera

Beskrivelse av boken

Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer. I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma. Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på? Boka er del av Grøss og gru - ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.