Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Han må reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Han må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umuleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennene sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekattar. Men først må dei få fatt i Dødeboka, den glømte og gjømte protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skriftet. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umulege oppdrageti riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide? Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet.